Kattnakken Regnbukse JR

kr 319.20

Kattnakken Regnbukse JR

kr 319.20

Regnbukse i mjuk kvalitet med litt stretch (PU Knitt). Buksa har strikk og snor i livet, den har også skjult strikk foran på beina nede. Slik at ein kan regulere beina om ein ønsker.
Buksa har også refleksar bak på beina og i logoen. Den er laga i ein spesiell Kattesvart farge, denne fargen passar like godt til blått som til svart.
Buksa er romsleg i størrelsen. Men hugs at dette er eit gummiert stoff, noko som gjer at den ikkje skal sitte for stramt i baken eller på knea når du bøyer deg. Då vi du kunne “sprenge” stoffet. Gi heller baken 3 cm ekstra stoff å gå på 😉
Det er uansett ikkje lett å sjå kul ut i ei regnbukse, men vi gjer vårt beste og dei som har kjøpt buksa til no har skrytt veldig over kor god og behageleg den er!
Vannsøyle på 10 000 mm.

Regntøy vaskast på 40 graders fin/yttertøyvask med flytande vaskemiddel, ikkje bruk ullvaskemiddel på yttertøy, hugs å slå av sentrifugen så vil plagget halde seg fint lenge. Sentrifugering vil ikkje ha noko effekt på denne typen stoff, forutan at det vil øydelegge vanntettheten i lengda. Etter vask; vreng det, heng det opp og la det drypptørke. Eit regntøy treng ikkje bli vaska kvar dag, du kjem også langt ved å tørke over med ein våt klut.
Ikkje bruk tøymjuknar.

Regntøyet til Kattnakken blir laga av noko me forkortar til PU. Dette stoffet er laga i plast for å gjera det vanntett og ein er også trygg for at det ikkje er noko PFC (Perfluorerte forbindelser, Fluoriserte stoffer) i PU-plagg.

Ein skal heller aldri bruke impregnering på eit plagg laga av PU.

Oppbygginga av eit PU-regntøy kontra eit teknisk regntøy er veldig forskjellig.
Eit PU-stoff er laga av plast og er defor vanntette i seg sjølv. Eit teknisk stoff er som oftast eit vevd materiale, blir tilført eit belegg på baksida (coating) og impregnering av div variantar på yttersida. Dette gjer at dette stoffet kan få eigenskapar som pustande, men det gjer også stoffet svakere samanlikna med eit PU-stoff.
Eit PU-stoff vil halde seg lenger i kraftig regnver og i vask. Om ein ikkje får hol i regntøyet så vil ein ha eit regntøy som held tett i mange år.
Eit teknisk stoff som kan vera lettare og meir behageleg når ein driv med høgaktivitet ute, vil halde deg tørr til eit viss punkt, men vil bli slitt med tida og under vask.
Det er også derfor eit teknisk stoff har høgare vannsøyler enn eit PU-stoff. Rett og slett fordi det må ha litt å gå på.

Alle typar PU og tekniske stoff tåler IKKJE skyllemiddel og ein må heller aldri bruka ullvaskemiddel på yttertøy.

EAN: Array

SKU: 102661

Additional information

Weight 0.000 kg
Dimensions 0.000 × 0.000 × 0.000 cm
Farge

Kattesvart

Størrelse

11-12 år, 13-14 år, 7-8 år, 9-10 år